Vallista 2015

Valliste for MDG Kvinnherad, kommunevalet 14.9.2015

Nr 1: Arne Gjerde

Arne bur i Arnavik på Halsnøy, der han er sjølvstendig næringsdrivande som programutviklar. Arne seier: «Eg har vore grøn sidan eg gjekk på gymnaset, melde meg inn i Naturvernforbundet på dei tider, og i Fremtiden i våre hender frå starten. Er difor sjølvsagt oppteken av kva me kan gjera for at kloden ikkje berre skal overleva, men at etterkomarane våre skal ha nok tilgjengelege ressursar til at dei også kan overleva, på ein verdig måte.»

Nr 2: Eli Hårklau

Eli er opprinneleg vossing, men stortrivs i Kvinnherad som teaterlærar på Sunnhordland Folkehøgskule. Eli seier: «Det er viktig at kommunen blir med og stimulerer til utvikling av nye grøne næringar, samt til bærekraftige omstillingar innanfor eksisterande næringar. Vi ser at oljenæringa er på retur, og for å få til ei «mjuk landing», og ikkje bli akterutseilt av andre land, må vi vera i forkant i denne omstillinga.

Nr 3: Jostein Saghaug

Jostein bur i Uskedalen, er utdanna sosionom og jobbar som miljøterapeut. Han er også leiar i NFU-Kvinnherad, og meiner det bør opprettast eit ombod i kommunen for svakare grupper i samfunnet. Jostein seier: «Eg er grunnleggande oppteken av gleda og nytta av fysisk aktivitet for alle i alle aldrar. Eg er med i MDG fordi vi satsar på ei bærekraftig utvikling, og fordi partiet framstår så tydeleg i forhold til livskvalitet og menneskerettar, også for personar med nedsett funksjonsevne.»

Nr 4: Svein Ingvald Opdal

Svein bur på Seimsfoss, og er pensjonist. Då han var yrkesaktiv, jobba han m.a. i Kvinnherad kommune i hovudsak som helse og sosialsjef. Svein seier: «Eg er oppteken av ei bærekraftig framtidig utvikling, av at oppdrettsnæringa skal inn i bærekraftige former, og av at naturen skal vera ein verdiskapar for oss på ein bærekraftig måte. Vidare er eg oppteken av at ikkje ulikhet i inntekter og formue skal auka og at verdiskapinga i samfunnet skal fordelast mest mogeleg på alle innbyggjarane. Eg er med i MDG fordi eg trur det kan bety eit skilje og ein ny kurs som eg ikkje kan sjå dei tradisjonelle partia har makta.»

Nr 5: Merethe Offerdal Tveit

Nr 6: Matthias Zimmermann

Nr 7: Einar Johan Tvedt

Nr 8: Knut Førland

Nr 9: Jarle Øvrehus

Nr 10: Leif Flaten

Nr 11: Knut Johan Nerhus

Nr 12: Hulda Bohlin

Nr 13: Narve Nordtveit

Nr 14: Jorunn Toskedal

Nr 15: Øystein Skjæveland

Nr 16: Mette Torvund

Nr 17: Arild Landa

Nr 18: Adelene Svendsen