Nyhende

Denne blogg-sida er starta under valkampen 2019, og du kan lesa deg kronologisk nedanfrå og oppover, om det me er opptekne av. Klikk på bilda for å forstørra dei.

Politikarane konstituerer seg

23.10.2019

I morgon er det konstituerande kommunestyremøte, noko som tyder at då vert dei nye politikarane formelt sett inn i sine verv. For kommunestyret sin del er det allereie avgjort gjennom folkerøystinga kven det blir, for formannskapet og utvala derimot blir det avgjort i morgon. Og sjølvsagt skal ordførar og varaordførar veljast.

Rett nok har partia seg i mellom allereie forhandla fram dei viktigaste posisjonane, men det er mange tilleggsposisjonar, ein del av dei må òg på plass i dette møtet. Resten kjem nok i neste kommunestyremøte.

Det er ikkje mange andre saker i dette møtet.

Som kjent gjennom avisene så har kommunedirektøren føreslått at kjøkenet i Ølve vert lagt ned som produksjonskjøken for fersk mat. Dette fordi det ikkje lenger er godkjent utan ei viss ombygging. Det var venta at denne saka kom opp på møtet i morgon, men saka står ikkje på kartet.

MDG har heile vegen stått på for at alle eldre i kommunen skal få fersk nykokt mat,  noko me vil kjempa for vidare. I den samanhengen har dei to kommunestyrerepresentantane våre skrive eit innlegg i lokalavisene. Allereie i løpet av dagen har det komme mange positive tilbakemeldingar.

 

MDG får sin første ordførar i historia

18.09.2019

Nei, det er nok ikkje Kvinnherad me snakkar om, men Vardø i Finnmark. Me ropar hurra likevel, sjølv om det er så langt borte frå Kvinnherad som råd er.

Nett no har Sp, Ap og SF pressekonferanse, der dei truleg fortel at dei har blitt såpass gode venner dei siste dagane at dei vil regjera saman i Kvinnherad dei neste fire åra. Meir om dette når det blir offisielt.

 

Tusen takk!

11.09.2019

Me vil gjerne få takka alle som har stemt på oss! Det var fantastisk å få inn to mandat her i Kvinnherad.

Les takkehelsinga frå valkampgruppa vår her.

 

Yippee, MDG fekk inn to i Kvinnherad!

10.09.2019

Det var eit uhyre spennande kommuneval denne gongen. I MDG sa me på førehand at me ville vera misnøgde med å berre få eitt mandat, sidan me var så nær to sist. Men me ville vera nøgde med to, og så drøymde me om tre.

Etter oppteljinga i natt låg det an til at me berre fekk eitt mandat. Rett nok var me endå nærare to enn sist, men det var ei forferdeleg dårleg trøyst, etter alt det arbeidet me har lagt ned denne gongen.

Men det var 145 røyster som ikkje var opptalde, 115 postrøyster og 30 andre som låg att. Mellom desse var det nok ein del studentar som bur vekke, tenkte me. Difor gjekk me i dag og håpa på litt effekt av ungdomsklimaopprøret.

Og dette slo til for fullt. Så då alle røystene var talde opp no i ettermiddag, så kneip me sanneleg eit mandat frå Ap. Synd for dei, men ubegripeleg gledeleg for oss!

No startar forhandlingane om fleirtalskoalisjon. Om me har nokon sjanse til å bli med der, vil dei næraste timane og dagane visa.

Frå MDG var det Jostein Saghaug og Matthias Zimmermann som kom inn, med Eli Hårklau som første vara. Hipp hurra, og gratulerer til dei!

Resten av kommunestyret finn du her.

 

Bildet over er frå første kommunestyremøtet i inneverande periode, då Synnøve Solbakken gav kommandoen over til Peder Sjo Slettebø.

Valkval-dagen

09.09.2019

I dag skal det avgjerast. Kven skal styra kommunen vår dei neste fire åra?

Me i MDG har gjort så godt me har kunna, med å fortelja folk at me er meir offensive enn dei andre partia. Me er meir utolmodige etter å få lagt tilhøva betre til rette for innbyggjarane enn det dei styrande hittil har klart. Og me ønskjer meir enn nokon andre å innretta lokalsamfunnet slik at det blir skryt å få frå dei som kjem etter oss.

For å oppnå dette har me hatt mange fleire lesarinnlegg i sommar enn noko anna parti. Me har teke for oss nokre av dei mange temaa som me er opptekne av.

Men det er mange tema som me ikkje har vore innom, fordi tida ikkje strekk til. Og fordi valdagen brått er her.

I tida framover vil me ta for oss nokre av desse temaa. Ikkje kvar dag, som me har gjort no gjennom valkampen, men no og då. Er du interessert, så følg gjerne med.

Lukke til med valet i dag!

 

Me deler ut grøne eple!

07.09.2019

I dag laurdag står MDG på stand i Rosendal og på Husnes og deler ut grøne eple. Epla er sjølvsagt lokalproduserte, som dei på bildet over, men kanskje ikkje hundre prosent grøne likevel. For å symbolisera at MDG neppe blir stort nok til å få makt åleine her i kommunen, vil det vera litt andre fargar òg på epla.

Du skal ikkje leggja for mykje symbolikk i raudfargen, som nok vil vera framtredande, den er ikkje vald fordi me allereie har avgjort å samarbeida med venstresida i den komande perioden. Det er meir snakk om at blå eple er det ikkje så mange av i marknaden.

At raude eple smakar betre og er lettare å svelgja enn dei knallgrøne, må du heller ikkje tenkja for mykje på. Konsentrer deg heller om at MDG er eit blokkuavhengig parti, som kan samarbeida med både høgre- og venstresida. Hadde blå eple vore å oppdriva, så hadde du nok fått lov å velja.

Men spring og få deg eit eple før lageret er tomt!

 

Die Grünen er i ferd med å bli største partiet

06.09.2019

Det er ikkje berre her i landet at dei grøne går fort fram, det gjeld også partiet Die Grünen i Tyskland, som på mange måtar har vore førebildet for alle dei grøne partia i Europa.

Ja, det er faktisk slik at den trauste koalisjonen CDU/CSU, som mektige Angela Merkel leiar, berre så vidt er større, med sine rundt 27% på målingane i sommar. Die Grünen ligg hakk i hel, med rundt 24%. Resten av partia ligg langt bak.

Vår eigen leiar i MDG Kvinnherad, Matthias Zimmermann, var forresten medlem i Die Grünen før han flytte hit til Kvinnherad.

 

MDG er no nest størst i Oslo

05.09.2019

Det byrjar nesten å bli keisamt å lesa om korleis MDG i Oslo klatrar på barometeret. No er dei i følgje Nettavisen oppe som nest største partiet, med 20,3% oppslutnad! Berre Høgre er større, med sine 23,4%. Men avstanden minkar dag for dag, ser det ut til.

At MDG no er større enn sjølvaste Ap i hovudstaden, kallar Nettavisen for eit politisk jordskjelv!

Kvinnherad er jo ikkje Oslo. Heldigvis, kan me ofte seia. Men nett no håpar me på litt Oslo-effekt her lokalt også.

Står me på siste dagane fram mot valet, kan me sikra tre mandat for MDG i kommunestyret. Og då er det slett ikkje utenkeleg at me har ei lita hand på rattet!

 

MDG har aldri vore større!

04.09.2019

MDG nådde i dag 10,0% på NRK si nasjonale måling. Det er det beste resultatet nokosinne!

Når me så veit at i Oslo er det no tre nesten like store parti på topp (Ap, H og MDG), og at dei andre partia er veldig mykje mindre, er det grunn til stor optimisme for oss grøne. I byane kjem MDG til å gjera det svært godt, slik det ser ut berre nokre dagar før valet.

Kva så med utkantkommunen Kvinnherad? På landsbygda ser ikkje folk like lett føremonane med den grøne politikken, som i Oslo. Der har nemleg MDG regjert i fire år, noko som viser merkbart att i bybildet. Og folk liker det dei ser.

Men Kvinnheringen si måling som kom i dag, viser at også her går me framover med stormskritt. MDG hadde 3,8% for fire år sidan, noko som nesten gav oss to mandat. I dag viser målinga 5,4%, noko som sikrar det andre mandatet, og me er langt på veg til det tredje!

Kanskje du kan vera ei av dei ekstra stemmene me treng for å få inn tre denne gongen?

Arne Gjerde har forresten kalla oss «vinnarlaget» i eit lesarinnlegg han skreiv i dag.

 

Kvinnherad må ta ansvar for Folgefonnsenteret

03.09.2019

Folgefonnsenteret tok initiativet til Folgefonnsenteret i si tid, og nabokommunane følgde lojalt opp. No må vertskapskommunen visa seg ansvarlege, skriv Svein Opdal i eit lesarinnlegg i dag.

 

Dagens ros til MDG og Jostein

03.09.2019

Det er ikkje ofte at dagens ros både i Grenda og Kvinnheringen går til eit politisk parti. Men denne veka starta så bra som ho kunne, ved at nett dette vart toppkandidaten vår, Jostein Saghaug, til del.

Det er Møyfrid Kristoffersen som går ut og gir masse ros til Jostein, som møtte for oss i kommunestyret sist torsdag, og som stod åleine opp for å forsvara rettane til dei aller svakaste. Mot alle dei andre partia! Han gjorde ein fenomenal jobb, seier ho, og ho bed han stå på vidare.

Det sluttar me oss hundre prosent til. At kommunen skal syta for å gi lovpålagde rettar til alle svakare stilte i samfunnet, er ei svært viktig sak for oss i MDG. Les oppslaget i Kvinnheringen (betalingsmur).

 

Powerhouse Husnes

03.09.2019

I november 2015, straks etter at Arne Gjerde var innvald som MDG sin første kommunestyrerepresentant, sette han fokus på korleis kommunen slengjer rundt seg med pengar i byggeprosjekta sine, utan kvalifisert kalkylekontroll og planlegging. Dette gjorde han med ein interpellasjon til ordføraren og kommunestyret. Svaret han fekk var ikkje tilfredsstillande.

No på tampen av valperioden, set han atter fokus på dette problemet, og viser mellom anna til at i staden for pengesluket Aksen kunne me fått eit skikkeleg powerhouse, som verkeleg hadde sett Husnes inn på eit større kart, til ein langt lågare pris. Les innlegget her, der du òg kan lesa interpellasjonen hans frå 2015. Les også meir om powerhouse generelt.

 

Hydrogenprat i Spikersuppa

02.09.2019

Ovanståande bilde av Arild Hermstad og Knut Førland (til høgre) kom nett inn frå hovudstaden. Dei har hatt ein god prat om hydrogen, ved MDG sin stand ved Spikersuppa. Det er masse folk, og MDG er veldig i støtet i Oslo, melder Knut.

Arild er ein av MDG sine to nasjonale talspersonar. Han er eigentleg frå Bergen, og i mange år var han dagleg leiar for Framtiden i våre hender. I det siste har han også fungert som byråd for miljø og samferdsel i Oslo.

 

MDG kåra til «folkets friluftsparti»

02.09.2019

Norsk Friluftsliv har kåra MDG til det beste partiet for natur og friluftsliv. Les Jostein sitt innlegg om saka.

 

Flinke vossingar med alternativ til vindmøller

02.09.2019

På Voss er det to innovative karar som heiter Thomas Hårklau og Jon Gjerde. Dei kunne for så vidt vore slektningar av Eli Hårklau og Arne Gjerde her i MDG Kvinnherad, men det er neppe tilfelle. Iallfall har dei fått 24 millionar frå EU til å forska vidare på ei løysing som utnyttar vindkraft utan bruk av vindmøller. Les meir.

 

Mistydingar omkring førehandskumulering

01.09.2019

Ved kvart val er det mange som ytrar seg om lister med førehandskumulerte kandidatar, noko dei meiner er med på å redusera veljarane sitt høve til å stemma på dei personane dei ønskjer. Men det er ein del feil forestillingar om korleis dette fungerer.

Ordninga med førehandskumulering er der for at partiet sjølv skal kunna fremja dei kandidatane dei meiner er dei beste. Så kan veljarane gi tilleggsrøyster, ved å kryssa på sine favorittar i heile lista.

Før 2003 var det slik at både førehandskumuleringar og veljarkumuleringar gav ei røyst ekstra til personen. Men i dag er det slik at ein førehandskumulert får berre ei fjerdedels ekstra røyst. Det gir veljarane mykje større makt til å avgjera personvalet enn dei fleste er klåre over.

Dersom du til dømes har din favorittperson eit stykke nede på MDG-lista, kan du kryssa på vedkomande. Då er det den personen som kjem best ut av alle på di liste. Kryssar du av på fleire, kjem dei likt. Kryssar du av på ein av dei førehandskumulerte, vil denne få mest, fordi han får ei og ei fjerdels ekstra røyst.

Men det er altså viktig at du bruker MDG si liste dersom du vil gi favorittpersonen din maks oppslutnad. Og får du mange andre med deg på dette, kan personen koma inn. Ver merksam på at det vil ha mindre effekt om du fører din person opp på lista til eit anna parti, for då får han berre ei røyst frå deg, ikkje to.

 

Kjem det til å gå bra, pappa?

01.09.2019

Dette debattinnlegget i BT må du berre lesa! Det er sjølvsagt ungane som spør faren om klimaendringane, og om kva dei vaksne gjer for å stoppa dette. Han svarar så godt han kan, men høyrer at svara hans ikkje er gode nok.

 

MDG måtte kjempa åleine i kommunestyret

31.08.2019

MDG sitt forslag om å  innarbeida viktige punkt om funksjonshemma i ‘Kommunedelplan for helse, omsorg og sosial’, eit forslag som vart nedstemt med 4 mot 3 røyster i Levekårskomiteen (sjå 19.08.2019 nedanfor), vart av Jostein Saghaug sett fram att i kommunestyremøtet i forgårs. Han kjempa tappert, men ingen av dei andre partia støtta opp. Dei meinte han berre skulle senda det som oversendingsforslag til administrasjonen.

Kvinnheringen har fyldig dekning av saka (betalingsmur), og dei skriv mellom anna dette:

– Vanlegvis er eg så ny at eg nok hadde teke lærdom av dette. Men dette har vi i ‘Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne’ teke opp igjen og opp igjen og opp igjen. Vi seier ifrå, og får beskjed om at ein ikkje har tid. Ja, så ta dykk tid! Det er meiningslaust å senda inn oversendingsforslag, sa ein indignert Saghaug frå talarstolen. Dei andre politikarane stod elles på sitt.

Og Kvinnheringen avsluttar slik:

– Eg er så skuffa, men ikkje på vegner av meg sjølv. Eg har ein funksjonshemja son. Han har alle desse tinga som eg ønskjer at de skal gje dei andre funksjonshemja. Sonen min har ei god ordning, det er eg glad for. Dei det er synd på, er dei som ikkje har nokon som kan stå på så tydeleg som eg har gjort for sonen min, sa Saghaug, før han kasta inn handkledet og leverte inn oversendingsforslaget.

Og då skjer nok diverre det som nesten alltid skjer med oversendingsforslag. Nemleg ingen ting!

 

Sjokkmåling: MDG er nesten like store som Ap i Oslo!

29.08.2019

At MDG har blitt meir og meir populære i byane har vore tydeleg lenge. Men det er likevel overveldande at gårsdagens VG-barometer for hovudstaden viser at H, Ap og MDG er dei tre store partia, resten ligg langt etter. Les meir om kvifor i VG-artikkelen.

Rein luft, betre kollektivtransport, og mindre kriminalitet. Det er i følgje NRK det byfolk ønskjer seg, og som MDG gir dei. Les artikkelen. Bompengepartiet er på retur.

 

Kommunestyremøtet i morgon

28.08.2019

Då skal dei handsama saka ‘Slutthandsaming – Kommunedelplan for omsorg, helse og sosial’. Der møter Jostein Saghaug for MDG, og han vil då ta opp att det forslaget han sette fram i levekårskomiteen. Ordføraren seier til lokalavisa at han ser fram til å diskutera dette interessante temaet.

 

Pressekonferanse

27.08.2019

I dag har me invitert lokalpressa til pressekonferanse. Sidan me er eit grønt parti, og ikkje minst sidan temperaturen vil bli nærmare 30 grader i dag, skal me samlast ute i det fri. Med Kvinnheringen i Steinparken, og Grenda i det fantastisk flotte grillhuset ved vatnet i Matre.

 

MDG viser seg ute blant folk

24.08.2019

I dag har me hatt stand i Rosendal og på Husnes. Bildet over (foto: Knut) viser Matthias i fint driv i Rosendal. Det var skutefest og svært mykje folk i bygda denne dagen, og dei nyplukka plommene dei to karane delte ut, var populære. På Husnes var det Eli og Jostein som styrte ståket.

 

MDG går framleis på fram

24.08.2019

Det er mykje hyggeleg å lesa om MDG no om dagen, klikk på bildet over.

 

To spørsmål til ordføraren

23.08.2019

Jostein Saghaug har på vegner av MDG sendt to spørsmål som ordføraren må svara på i kommunestyremøtet 29.08.2019. Det eine gjeld middagsproduksjon ved sjukeheimane, det andre gjeld revisjon av klima- og energiplan for kommunen. Les meir …

 

Slutthandsaming av kommunedelplan

19.08.2019

I møtet i Levekårskomiteen i dag møtte Jostein Saghaug for MDG. Han sette fram forslag i saka ‘Slutthandsaming – Kommunedelplan for omsorg, helse og sosial’, og referatet seier det slik:

«NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ JOSTEN SAGHAUG, MDG:
Slutthandsaming – Kommunedelplan for omsorg, helse og sosial vert sendt i retur til administrasjonen for vidare sakshandsaming.
1. Avklara behov for institusjonsplassar for eldre dei neste 10 åra.
2. Avklara tiltak for foreldre til sjuke barn og foreldre til barn med nedsett funksjonsevne.
3. Avklara kva tiltak som må setjast i verk for menneske med nedsett funksjonsevne i alderen 18-67 år.
– Tiltak må på plass for å sikra deltaking i samfunnet på lik linje med funksjonsfriske.
– Sikra at kommunen har dekka behov for tilpassa bustader dei neste 10 åra.
Røysting: Framsett forslag vart sett opp mot innstillinga frå Kommunedirektøren.
Nytt framsett forslaget frå Jostein Saghaug fekk 3 røyster og fall. Jostein Saghaug MDG, Hanne Kristensen H, Vibeke Fredheim A.
Kommunedirektøren si innstilling vart vedteken med 4 røyster.»

Det var synd, men i neste veke på kommunestyremøtet blir det nok debatt om dette. Då møter Jostein for oss. Les innkallinga til møtet her.

 

Politikarferiemånad, men ikkje for MDG

31.07.2019

I juli har det vore ferie i politikken. Likevel har MDG sine folk vore svært aktive med lesarinnlegg til avisene. Dei kan du lesa under Lesarinnlegg i menyen ovanfor.

 

Siste kommunestyremøtet før ferien

20.06.2019

I kommunestyremøtet i dag var saka ‘Slutthandsaming – Kommunedelplan for omsorg, helse og sosial’ oppe. Knut Førland møtte for MDG, og han sette fram forslag om at saka vart utsett, slik at ho kunne handsamast i Levekårskomiteen først. Forslaget vart vedteke med 22 mot 12 røyster, slik at saka skal opp i Levekårskomiteen før ho på nytt kjem til kommunestyret.