Valet for åtte år sidan

Arne Gjerde vart innvald i 2015 som MDG sin representant i kommunestyret.

Sist ajourført 29.08.2019.

I 2015 deltok det nye lokalpartiet MDG Kvinnherad for første gong i kommunevalet. Det var utruleg spennande for oss som stod i bresjen å sjå om vi kunne klara å kapra eit mandat.

Eigentleg sette vi oss som mål å klara to mandat, det er alltid godt å ha noko å strekkja seg etter.

Under oppteljinga hadde vi faktisk lenge inne to mandat, heilt til Husnes var talt opp. Då miste vi det til Senterpartiet, med liten margin.

Det var sjølvsagt dumt å mangla berre nokre få røyster på å få dei to mandata, som ville ha plassert oss på vippen mellom H og Sp. I staden klarte dei to partia å danna ein fleirtalskoalisjon åleine.

Hadde vi fått dei to mandata, ville vi hatt mykje større makt, slik at vi hadde hatt høve til å få gjennomført langt meir av programmet vårt.

Men Arne Gjerde (bildet over), som vart vår representant, gjorde seg sterkt gjeldande på kort tid. Etter ei tid søkte han fritak ut perioden, av helsemessige grunnar. Svein Ingvald Opdal overtok då, og han presenterte sakene våre på ein framifrå måte vidare utover.

Eli Hårklau har vore vår representant i Levekårskomiteen, og Knut Førland fekk plass i styret i Kvinnherad Energi AS. Dette er to viktige verv, der MDG sine representantar har gjort seg sterkt gjeldande i mange saker.

Dessutan har Eli Hårklau, Knut Førland, Jostein Saghaug og Matthias Zimmermann stilt opp som vara på mange av kommunestyremøta. Det er såleis ein røynd politikarstab vi har i partiet, allereie etter dei første fire åra.

Og denne gongen, den 9. september 2019, er håpet at vi skal lukkast litt betre. Å få Miljøpartiet dei grøne i ein posisjon der vi verkeleg har noko å seia, vil vera avgjerande for at vi får gjennomført den grøne politikken vår. Ein politikk som vi på svært mange område er åleine om.