Våre resolusjonar frå årsmøtet 2017

Kvinnherad MDG hadde eit produktivt og triveleg årsmøte tysdag 31.1.2017. Her valde vi styre på nytt. Leiar er framleis Matthias Zimmermann. Eli Hårklau er skrivar og kasserar, og Svein Ingvald Opdal vart vald til nytt styremedlem. I tillegg vedtok vi tre resolusjonar:

 

1. februar, 2017

1. Fiskeoppdrett: Kvinnherad MDG foreslår å fryse all utlysing av nye konsesjonar, samt utviding av eksisterande konsesjonar, grunna dei enorme konsekvensane dagens oppdrettsindustri har for livet i sjøen. Dersom produksjonen skal aukast, må det skje i lukka anlegg, for å sikre bærekraft i den vidare utviklinga.

2. Openheit i prosessar: Det har vore oppslag i avisene i det siste om hemmeleghald av dokument. Vi håpar og trur dette er eit eingongstilfelle, men vil likevel uttrykke kor viktig det er at kommunestyret har innsikt i konsekvensane av vedtak dei gjer, anten det er direkte løyvingar eller rammetildeling. Openheit i forvaltinga er eit grunnleggjande prinsipp i demokratiske prosessar.

3. Økonomi i kommunen: MDG registrerar at det er stor investeringsaktivitet. Vi veit at desse investeringane medfører framtidige driftsutgifter. Vi ser også at talet på leiarar går opp, noko som medfører lønsutgifter. Vi stiller spørsmål ved korleis dette rimer med at ein skal få kontroll på økonomien i Kvinnherad.

Vi ser fram til valåret 2017. 🙂